Søndag 17. februar kl 11.00 er det gudsteneste i Kjølsdalen kyrkje.
Prest Kari Leine Balog har planlagt fleire fine ting til gudstenesta :
📕 Ho lagar ei lita utstilling bak i kyrkja. Der kan vi sjå biblar på ulike språk, til dømes gresk og hebraisk, og nokre bøker om bibelomsetjing og arbeidet med manuskript og teksthistorie.
📗 Tema i preika blir innføring i teksthistorie, om korleis vi veit kva som er den rette bibelteksten og om omsetjingshistorie.
📘 Takkofferet går til Bibelselskapet. I år handlar deira prosjekt om omsetjing til nye språk i Etiopia.
📙 Det blir quiz og kyrkjekaffi.
Hjarteleg velkomne! 😃
Prest: Kari Leine Balog
Kyrkjetenar: Randi Heggheim
Kyrkjevert: Merete Duestøl
Organist: Ingvard Sundal
Velkomne til kyrkje!
Følg Kjølsdalen kyrkjelyd på Facebook