Dugnad onsdag 11. mai

Kjølsdalen montessoriskule og -barnehage skipar til dugnad på uteområdet onsdag 11. mai frå kl 17.00 og utover.

Ta med hanskar, kost, trillebår, spade og anna ein kan få bruk for. Pølser og saft/kaffi til alle som er med.

NB: Det er frå kl 17.00, ein kan sjølvsagt kome seinare enn dette.

Alle er hjarteleg velkomne til å lage uteområdet ekstra fint til nasjonaldagen!

image

Vil/kan du hjelpe 17. – 19. juni?

17. – 19. juni arrangerer alle korpsa i Eid Rocka korpsstemne på Nordfjordeid. Musikklaget og skulemusikken i Kjølsdalen er to små korps med mange «doble» medlemmer og føresette, og det er mange vakter som skal fyllast i løpet av helga.

For to år sidan fekk vi difor svært god hjelp frå bygdefolk utanom korpsa. Dei er/blir spurte i år også – men kanskje er det fleire som kan ta ei vakt i løpet av stemnehelga? Oppgåvene er varierte, t.d. kiosk, mat, skulevakt, svelesteiking og mykje meir.

Kontakt leiarane Kristin Lefdal tlf 408 43 414 epost kristin.lefdal@gmail.com / Anne-Britt Dypveit tlf 414 23 643 epost eid@barnehage.no.

På førehand tusen takk! 🙂

Flaskeinnsamling måndag 4. april

Måndag 4. april vert det ny flaskeinnsamling i Kjølsdalen krins, i regi av skulemusikken.

Vi kjem rundt og samlar inn flasker frå ca kl 16.00. Send SMS eller ring Sissel Nilsen tlf 47809936 om vi skal hente til andre tider.

På førehand tusen takk for støtta!

 

https://www.facebook.com/kjolsdalenskulemusikk/