Vil/kan du hjelpe 17. – 19. juni?

17. – 19. juni arrangerer alle korpsa i Eid Rocka korpsstemne på Nordfjordeid. Musikklaget og skulemusikken i Kjølsdalen er to små korps med mange «doble» medlemmer og føresette, og det er mange vakter som skal fyllast i løpet av helga.

For to år sidan fekk vi difor svært god hjelp frå bygdefolk utanom korpsa. Dei er/blir spurte i år også – men kanskje er det fleire som kan ta ei vakt i løpet av stemnehelga? Oppgåvene er varierte, t.d. kiosk, mat, skulevakt, svelesteiking og mykje meir.

Kontakt leiarane Kristin Lefdal tlf 408 43 414 epost kristin.lefdal@gmail.com / Anne-Britt Dypveit tlf 414 23 643 epost eid@barnehage.no.

På førehand tusen takk! 🙂