Søndag 20. august kl 15.00 er det gudsteneste i Kjølsdalen kyrkje. Seksåringane er spesielt inviterte, dei får utdelt bok. Dette er også Øystein Mathisen si siste gudsteneste i Kjølsdalen, før han reiser tilbake til Oslo. Medliturg er Kaare Michael Christoffersen, ved orgelet sit Ralph Cupper og takkofferet går til Misjonsprosjektet i Mali.
Rett etter gudstenesta blir det kyrkjekaffi og informasjonsmøte om utviding av gravplassen. Alle er hjarteleg velkomne for å få informasjon og diskutere planane!
Velkomne til kyrkje!
Følg Kjølsdalen kyrkjelyd på Facebook