Kjølsdalen musikklag vil rette ei stor takk til alle som kom på 90-årsjubileet vårt søndag 2. oktober. For ein dag! Her kan du sjå kven som vann på loddsalet vårt.
Author / HDS
Velkomne til feiring av og med musikklaget!
Flaskeinnsamling måndag 29. august
Måndag 29. august frå ca kl 17.00 kjem skulemusikken rundt i Kjølsdalen krins og samlar inn sommarpanten.
Send SMS eller ring Sissel tlf 47809936 om vi skal hente til andre tider.
På førehand tusen takk for støtta!
Følg skulemusikken på Facebook
Presentasjonsgudsteneste 21. august
Søndag 21. august kl 15.00 er det presentasjonsgudsteneste for og med konfirmantane 2017.
Kaare Michael Christoffersen og Beate Folkestad Osdal er liturgar, ved orgelet sit Ingvard Sundal, og takkofferet går til misjonsprosjektet vårt i Mali.
Velkomne til kyrkje!
Friluftsgudsteneste på Naturmøteplassen
Søndag 10. juli kl 14.00 er det friluftsgudsteneste på Naturmøteplassen på Navestøylen
Prost Rolf Schanke Eikum. Kyrkjekaffi.
Velkomne!
Følg Kjølsdalen kyrkjelyd på Facebook
Friluftsgudsteneste på Erviksætra
Tusen takk frå kjølsdalskorpsa!
Kjølsdalen musikklag og Kjølsdalen skulemusikk ønskjer å takke alle dykk som stilte opp som frivillige under korpsstemnet i helga.
Svært mange som ikkje er musikantar eller korpsforeldre, bidrog med dugnadshjelp.
Vi er svært takknemlege for innsatsen, som gjer at vi kunne stille med nok vakter innan mat, på skulane, som vakter, vertskap osv.
TUSEN TAKK!
Følg korpsa på Facebook:
Kjølsdalen sokneråd er blitt Grøn kyrkjelyd
Som første sokneråd i Eid, er Kjølsdalen sokneråd blitt Grøn kyrkjelyd! Handlingsplanen vart vedteken på soknerådsmøte 15. juni, les den her.
Klimaendringane rammar oss allereie. Menneske, dyr og planter strevar fordi livsgrunnlaget er i endring. Forskarane slår fast at det kjem av levemåten vår, og minner oss om at vi må skifte kurs. Som kyrkje er vi kalla til å vere gode forvaltarar av skaparverket og Jesu Kristi etterfølgjarar. Kva betyr det konkret for oss i dag? Korleis kan vi tenkje globalt og handle lokalt? «Grøn kyrkjelyd» er ein reiskap for dei lokale kyrkjelydane til å ta tak i desse utfordringane.
Du kan lese meir om Grøne kyrkjelydar på www.gronnkirke.no.
Lokal kontaktperson: Soknerådsleiar Torfinn Myklebust, tlf 481 49 494, epost
2myk@online.no.
Følg Kjølsdalen kyrkjelyd på Facebook
Open dag – friluftsmoro søndag 29. mai
Naturmøteplassen ved Navestøylen – søndag 29. mai kl 13.00-17.00
Mat
• Vi lagar mat på bålpanna.
• Popkorn på bål, bålkaffi og saft til drikke.
Aktivitetar
• «Dyra på setra» – hestar du kan ri på og andre dyr å kose med …
• Lag ein fugleholk. Ferdig kutta material –så her er det berre å bruke hammar og spikar.
• Orienteringsløype/natursti. Kjekk tur i terrenget med spørsmål om ting i naturen.
• Hesteskokasting. Artig å prøve for store og små.
• Fiske i Ljådalsvatnet – ta med eige fiskeutstyr!
Naturmøteplassen finn du lengst nord i Kjølsdalen. Parkeringsplassar vert skilta langs setrevegen, med gangavstand til Naturmøteplassen. Kom gjerne i litt god tid slik at du finn parkering og kan gå eit stykke.
Alle aktivitetar og mat er gratis. Ope for alle – hjarteleg velkomne!
Trekløveret 4H | Kjølsdalen bondelag | Kjølsdalen idrettslag
Konfirmasjonsgudsteneste 22. mai
Søndag 22. mai kl 11.00 skal sju ungdommar konfirmere seg i Kjølsdalen kyrkje:
Lars Albrigtsen
Lars-Åge Brekke Refvik
Lars Erik Humborstad
Olav Berstad
Andrea Johnsen Sollid
Sivert Humborstad
Martin Oliver Kjøllesdal
Vi ønskjer konfirmantane og familiane lukke til med førebuingane og gjennomføringa av konfirmasjonsdagen – og gratulerer med dagen! 🙂
Følg Kjølsdalen kyrkjelyd på Facebook