Årsmøte i Kjølsdalen kyrkjelyd

Kjølsdalen kyrkjelyd arrangerte årsmøte etter familiegudstenesta og kyrkjekaffi søndag 18. mars. Her kan du lese:

Årsmelding og rekneskap Kjølsdalen sokneråd 2017

Referat årsmøte Kjølsdalen kyrkjelyd 18. mars 2018

Kjølsdalen kyrkjelyd er samansett av alle kyrkjemedlemane i Kjølsdalen. Kjølsdalen sokneråd ønskjer ein aktiv og deltakande kyrkjelyd og vonar at mange vil finne vegen til kyrkja i tida framover.

Soknerådet 2015-19 

Følg Kjølsdalen kyrkjelyd på Facebook

Konfirmantane samlar inn pengar

Tysdag 20. mars reiser fire konfirmantar i Kjølsdalen rundt om i krinsen med bøsser, for å samle inn pengar til Fasteaksjonen 2018. Pengane går til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid med vatn og sanitær i utsette område kring om i verda. Les meir på www.fasteaksjonen.no.

Konfirmantane satsar på å nå alle husa i krinsen. Er du ikkje heime, eller har ikkje kontantar? Vipps ein valfri sum til 2426, eller send tekstmelding med kodeordet GAVE til 2426 (200 kr).

Ta godt imot dei unge bøsseberarane 🙂

Julegudstenester i Kjølsdalen

Julaftan søndag 24. desember kl 15.00

Liturg Olaf Sigurd Gundersen
Musikk: Organist Ingvard Sundal
Kjølsdalen skulemusikk, dirigent Tryggve Dyrvik
Jon-Vegar Sole Sundal
Ingebjørg Eide

Takkoffer til Kirkens Nødhjelp

Kyrkjevert Merete Duestøl
Kyrkjetenar Randi Heggheim

1. juledag måndag 25. desember kl 12.00

Liturg Rolf Schanke Eikum
Musikk: Organist Ingvard Sundal
Kjølsdalen musikklag

Nattverd
Takkoffer til Det norske misjonsselskap

Kyrkjevert Bjørn Aardal
Kyrkjetenar Randi Heggheim

Velkomne til kyrkje!

Følg Kjølsdalen kyrkjelyd på Facebook