Roleg yoga

Mjuk kropp, balanse og styrke

Det vert oppstart av yogakurs i veke 36, 
ONSDAG 02.09/TORSDAG 03.09 
i gymsalen på Kjølsdalen Montessoriskule.

Yoga

Eg tilbyr to kurs som varer i seks veker:

Onsdagar 18.00-19.00
Torsdagar 20.00-21.00

Fyrste time er GRATIS! 🙂 Kom og bli med!

Påmelding: Send ei melding på facebook eller ein sms til telefon 402 17 327.

Hjarteleg velkommen!

Heidi

Informasjon fra KKUL

Minner om at det, som tidligere annonsert, vil bli avholdt et informasjonsmøte for alle lag og organisasjoner i Kjølsdalen krins, mandag 24. august
klokka 20:00 på Montessoriskolen.
Tema: Praktisk bruk av nettsiden www.kjolsdalen.no,
hvordan logge seg på og legge ut nyheter/bilder, hvordan oppdatere informasjonen om styret, kontaktpersoner, kontonummer m.m.

Møt opp hvis du vil vite mer om mulighetene som finnes for ditt lag eller organisasjon/forening.

WP
Vi minner også om at kontingenten for medlemskap i KKUL er på kr. 250,- pr. år, både for privatpersonar og for lag/organisasjoner.
Betaling kan skje til kontonr. 3790.10.78166.
Styret i KKUL

Tour de Kjølsdalen!

Sykkelløype søndag 23.aug.

Registrering med utdeling av startnummer på skulen frå klokka 11. Lang løype for skuleelevar vert rundt bygda, med drikkestasjon på Hauebrua. Foreldre kan ta følge om dei ynskjer det. Det vert vakter som regulerer biltrafikken. Kort løype vert på skuleplassen. Det er høve til å låne trehjulssykkel i barnehagen. Idrettslaget sel kaffi, saft og kaker.

Vi fyrer opp grill, så det vert høve til enkel grilling. Ein må ha med pølser sjølve. Det vert rebusløype med premiar. Håper mange vil møte opp!

sykkelVermeldinga ser bra ut, men skulle det hølje ned blir det avlyst. Idrettslaget?

Aktivitetsdag på Stårheim

Spennande lokalpolitisk debatt på Stårheim stadion i samband med Aktivitetsdagen på Stårheim.

Dei fleste listetoppane til kommunevalet i Eid stiller, og debatten vert leia av Thomas Hals – rektor på Kjølsdalen Montesorriskule.
Panelet er:

Lars Svein Drabløs FrP
Oddvin Hansen H
Alfred Bjørlo V
Sissel Ommedal KrF
Sigurd Reksnes Sp
Siri Sandvik Ap

Vigdis Heimdal Reksnes Sv

Panelet er særskilt utfordra på: Skule og barnehagestruktur, Tomtepolitikk, Breidband/fibernett, Trafikktryggleik, Næringsutvikling
MEN publikum får høve til å spørje om akkurat det som opptek dei, så møt opp og still dei spørsmåla du måtte ha! 
Her er programmet for heile aktivitetsdagen:

Kl. 12.00 Aktivitetsdagen startar på Stårheim stadion
Grilling, politiske stand, friidrettsaktivitetar, fotballkampar m.m.
Kl. 13.00 Sykkeltur for politikarar startar på tømmerkaia på Naustdal
kl. 15.00 Politisk paneldebatt – debattleiar Thomas Hals
kl. 21.00 – 02.00 Utedans på Stårheim stadion. Musikk ved Vassverkgutane. Sal av mat og drikke. Bill. Kr. 200,-.

Vel møtt!

Arrangør: Stårheim Bygdelagimages-1

17. Mai i Kjølsdalen

Flagg(foto: MartinePetra.com)
Detaljert program for dagen!
Kl 09.00: Musikklaget spelar rundt om i bygdene: Lefdal,
Midthjell, Haus, Ervik, Årdal, Lund, ”Vegenden” og Byggjefeltet.

Kl 13.00: Gudsteneste i Kjølsdalen kyrkje.
Skulemusikken spelar, elevar deltek.

Kl 14.00: Folketog frå Kjølsdalen kyrkje.
Rute: Kyrkja-kjølsdalsstranda-tilbake riksvegen-skulen.
Ankomst skulen: ”Ja, vi elsker”

Kl 15.00: Feiringa held fram i og ved skulen
Smørbrød, kaker og kaffi inne
Matpengar kr 50, barneskuleelevar, korps-musikantar og Vindfylla gratis Bordvers: «No livnar det i lundar»

Sal av pølser og hamburger ute
Kiosk med is, brus.
Leikar for små og store:
Hesteskokasting – pilkasting – ,melkespannkasting – rebusløp trehjulsykkel – kaste på boks
Tale ved 7. klasse ved Montessoriskulen ca kl. 15.30
Vindfylla spelemannslag ca kl 16
Premieutdeling ca kl. 17.30
Avslutning: ”Fedrelandssalmen”

17. mai-komiteen.
KAFE-BASAR

Dugnad på skolen

BLI MED Å MÅLE MONTESORRISKULEN!

Trekløveret 4H har saman med foreldrene teke på seg å måle Montesorriskulen utvendig.
Vi inviterer difor alle støttespelarane våre til å vere med på

MÅLEDUGNAD – FREDAG 1. MAI KLOKKA 11 OG UTOVER …

Måling, stilas og måleutstyr vert ordna.
Ta på målekle og om du vil kan du gjerne ta med ein målarkost, gardintrapp eller anna utsyr — OG MØT OPP!

Vi ordnar med mat og drikke til dugnadsfolket !!

trekl4hlogo

Trekløveret 4H