Naturmøteplassen ved Navestøylen – søndag 29. mai kl 13.00-17.00
Mat
• Vi lagar mat på bålpanna.
• Popkorn på bål, bålkaffi og saft til drikke.
Aktivitetar
• «Dyra på setra» – hestar du kan ri på og andre dyr å kose med …
• Lag ein fugleholk. Ferdig kutta material –så her er det berre å bruke hammar og spikar.
• Orienteringsløype/natursti. Kjekk tur i terrenget med spørsmål om ting i naturen.
• Hesteskokasting. Artig å prøve for store og små.
• Fiske i Ljådalsvatnet – ta med eige fiskeutstyr!
Naturmøteplassen finn du lengst nord i Kjølsdalen. Parkeringsplassar vert skilta langs setrevegen, med gangavstand til Naturmøteplassen. Kom gjerne i litt god tid slik at du finn parkering og kan gå eit stykke.
Alle aktivitetar og mat er gratis. Ope for alle – hjarteleg velkomne!
Trekløveret 4H | Kjølsdalen bondelag | Kjølsdalen idrettslag