Ungdomsskule

Styret i Kjølsdalen Montessoriskule SA har vedteke at ein skal sende inn søknad om endring av eksisterande godkjenning.
Det gjeld endring av skuleløp frå 1.-7. trinn til 1.-10. trinn. Søknadsfrist er 1. april. Utdanningsdirektoratet har så inntil 1 års handsamingstid. Det kan altså tidlegast verte ungdomsskule i Kjølsdalen hausten 2016.
KJØLSDALEN MOTESSORISKULE LOGO
Arbeidet med søknaden er i gang. Vidare vil det bli fokus på å få på plass kompetanse til ungdomstrinnet samt at skulen ser det som viktig at ein er sikker på at det pedagogiske tilbodet er godt nok før ein vurderer å nytte ein eventuelt godkjenning. Ein har inntil 3 år på seg før ein må nytte seg av ein slik godkjenning.