Søndag 17. september kl 11.00 blir det ei innhaldsrik gudsteneste i Kjølsdalen kyrkje!
- Presentasjonsgudsteneste for 2018-konfirmantane med foreldremøte etterpå
- Utdeling av biblar til 5. klassingane
- Innsetting av sokneprest Kari Leine Balog
- Jubileumstreff for konfirmantkulla 1956, 1957, 1966 og 1967
Liturg er Kari Leine Balog og Kaare Michael Christoffersen, ved orgelet sit Ingvard Sundal, ein messingkvintett frå Kjølsdalen musikklag spelar også. Takkofferet går til kyrkjelydsarbeidet. Som vanleg blir det også kyrkjekaffi.
Velkomne til kyrkje!
Følg Kjølsdalen kyrkjelyd på Facebook