Planer om oppdrettsanlegg i Ervikskorane.

Eide Fjordbruk AS har søkt om løyve til etablering av nytt oppdrettsanlegg for laks, aure og regnbogeaure ved Ervikskorane midt mellom Kjølsdalen og Ervik. Omsøkt storleik for anlegget er 3600 tonn MTB. Området ligger i eit område som er avsett til akvakultur i gjeldande kommuneplan for Stad kommune for perioden 2015-2027.

Søknaden er lagt ut til offentlig høyring. All tilhøyrande dokumentasjon er tilgjengeleg på Stad kommune sine nettsider, og er også lagt ut og er tilgjengeleg på kommunehuset på Nordfjordeid.

Dette er ein lokalitet som kan påverke nærområdet på godt og vondt. Det er ulike moment her som bebuarar i krinsen bør tenkje over; mellom anna kan dette vere begrensa tilgong til sjørommet, ureining i sjø og langs land, lus, uheldige verknadar på villaksen og så vidare.

Kjølsdalen Krins Utviklingslag (KKUL) oppfordrar alle i krinsen til å melde inn sine innspel og spørsmål til KKUL på e-post kjolsdalen@outlook.com snarast mogleg.

Frist for å melde inn merknader til søknaden er 24.03.2020, så KKUL ber om at merknader vert sende inn i god tid slik at vi kan samanfatte disse og sende samla til kommunen.

Vi inviterer i bygdemøte i Kjølsdalen Montessoriskule 16.mars kl 18:00.  På bygdemøte blir representanter fra KKUL og Stad Kommuna.

Følg gjerne denne linken for å kome til all søknadsdokumentasjonen: https://eidef-my.sharepoint.com/…/ElAX_asrg71OnF9oSxbwLdkB_…)

(Bildet under viser eit utsnitt av anlegget teikna inn på fjorden. Dei ulike mærene vil vere 95 x 95 meter og er merka med gule prikkar. Dei lange svarte strekane viser fortøyningslinene slik som dei er tenkt.)

No photo description available.