Kva er KKUL

Formål

Kjølsdalen Krins Utviklingslag er eit fellesorgan for dei næringsdrivande, organisasjonar og lokalbefolkninga, som har interesse knyta til lokalsamfunnet innan laget sitt geografiske verkeområde (frå og med Lund til og med Lefdal).  Kjølsdalen Krins utviklingslag skal gjennom samling og koordinering av krefter og interesser arbeide for ei sunn utvikling av lokalsamfunnet.

Verkeområde

KKUL skal opptre som lokalsamfunnet sin felles interesseorganisasjon og talerøyr og være et rådgjevande organ.  De arbeider kontinuerleg for å påverke lokale styresmakter med tilrettelegging av lokalsamfunnet sine interesser.  De driver opplysningsarbeid med særleg vekt på å auke forståing og aksept for laget  si rolle og verdi i lokalsamfunnet.  Utviklingslaget stimulerer til auka næringsutvikling i verkeområdet.

Stemmegjeving.

Alle vedtak og val i utviklingskalet sine organ skal avgjerast med alminneleg fleirtal.  Alle personar, lag og næringsdrivande som har betalt medlemskontingent har 1 stemme.

Teieplikt

Den som i sitt arbeid for KKUL får innsyn i saker som krev konfidensiell behandlinga, pliktar å teie om dette.