Spennande lokalpolitisk debatt på Stårheim stadion i samband med Aktivitetsdagen på Stårheim.
Dei fleste listetoppane til kommunevalet i Eid stiller, og debatten vert leia av Thomas Hals – rektor på Kjølsdalen Montesorriskule.
Panelet er:
Lars Svein Drabløs FrP
Oddvin Hansen H
Alfred Bjørlo V
Sissel Ommedal KrF
Sigurd Reksnes Sp
Siri Sandvik Ap
Vigdis Heimdal Reksnes Sv
Panelet er særskilt utfordra på: Skule og barnehagestruktur, Tomtepolitikk, Breidband/fibernett, Trafikktryggleik, Næringsutvikling
MEN publikum får høve til å spørje om akkurat det som opptek dei, så møt opp og still dei spørsmåla du måtte ha!
Her er programmet for heile aktivitetsdagen:
Kl. 12.00 Aktivitetsdagen startar på Stårheim stadion
Grilling, politiske stand, friidrettsaktivitetar, fotballkampar m.m.
Kl. 13.00 Sykkeltur for politikarar startar på tømmerkaia på Naustdal
kl. 15.00 Politisk paneldebatt – debattleiar Thomas Hals
kl. 21.00 – 02.00 Utedans på Stårheim stadion. Musikk ved Vassverkgutane. Sal av mat og drikke. Bill. Kr. 200,-.
Vel møtt!