Kva er KKUL

Formål

Kjølsdalen Krins Utviklingslag er eit fellesorgan for dei næringsdrivande, organisasjonar og lokalbefolkninga, som har interesse knyta til lokalsamfunnet innan laget sitt geografiske verkeområde (frå og med Lund til og med Lefdal).  Kjølsdalen Krins utviklingslag skal gjennom samling og koordinering av krefter og interesser arbeide for ei sunn utvikling av lokalsamfunnet.

Verkeområde

KKUL skal opptre som lokalsamfunnet sin felles interesseorganisasjon og talerøyr og være et rådgjevande organ.  De arbeider kontinuerleg for å påverke lokale styresmakter med tilrettelegging av lokalsamfunnet sine interesser.  De driver opplysningsarbeid med særleg vekt på å auke forståing og aksept for laget  si rolle og verdi i lokalsamfunnet.  Utviklingslaget stimulerer til auka næringsutvikling i verkeområdet.

Stemmegjeving.

Alle vedtak og val i utviklingskalet sine organ skal avgjerast med alminneleg fleirtal.  Alle personar, lag og næringsdrivande som har betalt medlemskontingent har 1 stemme.

Teieplikt

Den som i sitt arbeid for KKUL får innsyn i saker som krev konfidensiell behandlinga, pliktar å teie om dette.

KKUL og Innovasjon Norge

Formål

KKUL har i fleire år hatt til sine rådigheit et fond skapt av KKUL i lag med Innovasjon Norge.  Dette fondet skal brukas til lokalnæring for etablering, utviding eller kursar øyremerka til lokal samfunnet sin fordel.

Kven kan søke?

Alle som skal etablere nytt bedrift i Kjølsdalen sitt verkeområde (Frå og med Lund, til og med Lefdal) eller at bedrifta skal bruke ressursar frå krinse som er av verdi for lokalsamfunnet.
Alle som har allereie bedrift i krinsen og ønsker å utvide næringen på en måte som øyker verdien for lokalsamfunnet.
Alle som skal ta kursar som direkte nyttas for drift eller styring av næringsverksemd i lokalsamfunnet.

Kordan søker eg?

Ta kontakt med en styremedlem i KKUL eller send førespurnad på kjolsdalen@outlook.com.  Styret gir ytterlegare informasjon om kordan prosjektet ditt kan oppfylle krav for å få midlar frå fondet så og skjema som må filles ut med grunngjeving og vedlegga.

Er de støtte eller lån?

Eigentleg begge deler.  De er et lån som må betale tilbake, men de er en støtte på den måten at vilkåra for tilbakebetaling og renter er mye gunstigere en tilsvarende fra en annen finansiell organisasjon.

Kva får eg?

De kan variere.  De blir en vurderingsordning mellom styret i KKUL og søker.  Du kan få hele søknadssummen innvilga eller en del av summen.

Gudsteneste 20. oktober

Velkomne til gudsteneste med hausttakkefest, utdeling av bibel til 5. trinn og presentasjon av nytt sokneråd søndag 20. oktober kl 11.00

Olaf Sigurd Gundersen er prest, ved orgelet sit Ralph Cupper, Randi Heggheim er kyrkjetenar, Jan Arvid Berstad kyrkjevert.

Takkofferet går til TV-aksjonen Care.

Det blir kyrkjekaffi.

Salmar:
801 – Nå er det morgen / Morning has broken
328 – Min hyrding er vår Herre Gud
781 – Kven har skapt alle blomane
717 – Kjære Gud, når eg bed

Dag i kyrkjeåret: 19. søndag i Treeiningstida
Preiketekst: Luk 9,57-62
Første lesetekst: 1 Sam 3,1-11
Andre lesetekst: 1 Kor 9,19-23

Følg Kjølsdalen kyrkjelyd på Facebook

Gudsteneste 15. september

Velkomne til kyrkje søndag 15. september kl 11.00!

Prest er Kari Leine Balog, kyrkjetenar Randi Heggheim, ved orgelet sit Ingvard Sundal, Merete Duestøl er kyrkjevert, det blir nattverd, og takkofferet går til kyrkjelydsarbeidet.

Dag i kyrkjeåret: Vingårdssøndag / 14. søndag i Treeiningstida
Preiketekst: Matt 19,27-30
Første lesetekst: Jer 9,23-24
Andre lesetekst: Fil 3,7-14

Salmar:
797 Sjå, dagen sprett i austerætt
482 Deg å få skode er sæla å nå
434 Det er navnet ditt jeg roper
602 Lat kvar jordisk skapning teia
354 O Jesus, du som fyller alt i alle

Følg Kjølsdalen kyrkjelyd på Facebook

Kyrkjevalet 2019

Måndag 9. september kl 14.00-19.00 er det kyrkjeval. Her er vallista til Kjølsdalen sokneråd. Du kan også røyste i bispedømerådsvalet samstundes. Valet føregår i Kjølsdalen montessoriskule.

Klikk her for å laste ned røystesetel

Nr Namn Fødselsår
1 Torfinn Myklebust 1960
2 Jorunn Breiteig 1963
3 Caroline Johansson Erviksæter 1964
4 Cato Albrigtsen 1972
5 Sølvi Ramnefjell Haus 1958
6 Dianne Jorunn Eikås 1960
7 Ole Morten Erviksæter 1966
8 Johanne Thue Gilleshammer 1955
9 Astrid Seljeseth 1991
10 Bjørn Aardal 1964