Kjølsdalen kyrkje treng deg!

Kjølsdalen kyrkje treng deg! 😃

Det er soknerådsval til hausten, no er vi på jakt etter kandidatar. Vi håpar å få til ei god liste med personar frå heile krinsen, i ulike aldrar, med ulik bakgrunn og interesser.

PS: Det er ikkje krav om å lese tekstar på gudstenesta, det er heilt frivillig. Du bidreg med det du kan og vil i soknerådet!

Har du lyst til å vere med, eller har forslag til kandidatar? Kontakt ein av oss i det noverande soknerådet direkte:
Torfinn Myklebust, tlf 481 49 494
Jan Arvid Berstad, tlf 902 57 380
Lars Frode Humborstad, tlf 971 64 977
Helga Didrikke Sundal, tlf 958 89 159
Bjørn Aardal, tlf 476 61 975
Dianne Eikaas, tlf 918 41 657
Merete Duestøl, tlf 450 48 055
Caroline Erviksæter, tlf 477 01 070

Følg Kjølsdalen kyrkjelyd på Facebook

 

Gudsteneste på bibeldagen

Søndag 17. februar kl 11.00 er det gudsteneste i Kjølsdalen kyrkje.

Prest Kari Leine Balog har planlagt fleire fine ting til gudstenesta :
📕 Ho lagar ei lita utstilling bak i kyrkja. Der kan vi sjå biblar på ulike språk, til dømes gresk og hebraisk, og nokre bøker om bibelomsetjing og arbeidet med manuskript og teksthistorie.
📗 Tema i preika blir innføring i teksthistorie, om korleis vi veit kva som er den rette bibelteksten og om omsetjingshistorie.
📘 Takkofferet går til Bibelselskapet. I år handlar deira prosjekt om omsetjing til nye språk i Etiopia.
📙 Det blir quiz og kyrkjekaffi.

Hjarteleg velkomne! 😃

Prest: Kari Leine Balog
Kyrkjetenar: Randi Heggheim
Kyrkjevert: Merete Duestøl
Organist: Ingvard Sundal

Velkomne til kyrkje!  

Følg Kjølsdalen kyrkjelyd på Facebook

Gudstenester i jula

Velkomne til kyrkje i jula! Tradisjonen tru er det to julegudstenester i Kjølsdalen:

Julaftan 24. desember kl 15.00
Kari Leine Balog er liturg. Ved orgelet sit Ingvard Sundal, Randi Heggheim er kyrkjetenar og Lars Frode Humborstad kyrkjevert. Takkofferet går til Det norske misjonsselskap.
Kjølsdalen skulemusikk deltek.

1. juledag 25. desember kl 12.00
Kari Leine Balog er liturg. Ved orgelet sit Ingvard Sundal, Randi Heggheim er kyrkjetenar og Jan Arvid Berstad kyrkjevert. Det blir nattverd, og takkofferet går til Kirkens Nødhjelp.
Kjølsdalen musikklag deltek.

Følg Kjølsdalen kyrkjelyd på Facebook

Gudsteneste 18. november

Søndag 18. november kl 11.00 er det gudsteneste i Kjølsdalen kyrkje.

Kari Leine Balog er liturg. Ved orgelet sit Ingvard Sundal, Randi Heggheim er kyrkjetenar og Bjørn Aardal kyrkjevert. Det vert nattverd og kyrkjekaffi.

Takkofferet går til Holmely

26. søndag i Treeiningstida
Preiketekst: Joh 9,1-7.35b-38

Salmar:
Nr. 1 – Herre Gud, ditt dyre navn og ære
Nr. 434 – Det er navnet ditt jeg roper
Nr. 482 – Deg å få skode
Nr. 609 – Å, fikk eg kun være den minste kvist
Nr. 352 – Ren og rettferdig

Velkomne til kyrkje!  

Følg Kjølsdalen kyrkjelyd på Facebook