Utviding av Kjølsdalen bustadfelt

Eid kommune – Kjølsdalen bustadfelt INFORMASJON april 2018

Klikk her for meir info og kart

Utviding av Kjølsdalen bustadfelt 10 tomter.
Målsetnad er å sikre betra oppvekstvilkår og busetnad i Kjølsdalen.

Opparbeiding av nye kommunale tomter i Kjølsdalen bustadfelt er no lyst ut på anbod. Tildeling av oppdrag vil skje rett i etterkant anbodsfristen 4. mai. Førebuing og anleggsarbeid skal etter planen starte opp i slutten av mai 2018, men vert endeleg fastsett når val av entreprenør er avklart.
Prosjektet omfattar 10 tomter, bygging av ca 140m veg, tilhøyrande VA-anlegg og leikeplass. Tomtene skal etter plan vere byggjeklare 1. januar 2019.

Det vil kome nærmare informasjon om tidspunkt for sal av tomter. Tomtekjøparar vil kunne starte tomtearbeid 1. januar 2019 om ønskeleg.

Kontaktinfo:
Einar Hessevik, prosjektleiar Eid kommune Tlf.: Tlf 908 68 741
Epost: einar.hessevik@eid.kommune.no

Har du spørsmål ta gjerne kontakt!
Med vennleg
Einar Hessevik Prosjektleiar, Eid kommune

Jonsokbasar

Den tradisjonelle Jonsokbasaren til Kjølsdalen Bygdekvinnelag vert halden i

KJØLSDALEN SAMFUNNSHUS SØNDAG 18. JUNI KLOKKA 17.00

Servering av rømegraut m/mårpølse.

Musikklaget spelar klokka 19.00

Kaffi. Loddsal – Tombola – Åresal

ALLE ER VELKOMNE!

Kjølsdalen Bygdekvinnelag

JULEGRAN-TENNING

Tysdag 29.november vert det julegrantenning på Kjølsdalen Montessoriskule kl. 18.30.
Skulemusikken spanderar gløgg og pepperkaker.
Gong og song rundt juletreet.
Alle er hjarteleg velkomne!
Helsing
Kjølsdalen skulemusikk