Familiegudsteneste søndag 12. mars kl 15.00

Søndag 12. mars kl 15.00 er det familiegudsteneste i Kjølsdalen kyrkje. Alle 2-, 3- og 4-åringane er spesielt inviterte, til å få utdelt bordbrikke (2 år), boka “Mine beste kveldsbøner” (3 år) og fireårsboka “Fest på slottet”.

Kyrkja blir pynta med ballongar, og temaet er «Fest på slottet». Det blir bønevandring med utdeling av smell-bong-bongar med krone i, såpebobler og bønetre. Beate og Kaare seier det blir ei kort preike. Ingvard sit ved orgelet, offeret går til Kjølsdalen yngres, og kyrkjevert er soknerådsleiar Torfinn. Velkomne til kyrkje!

Etter gudstenesta blir det kyrkjekaffi, deretter kyrkjelydens årsmøte.

Velkomne til kyrkje!

Følg Kjølsdalen kyrkjelyd på Facebook