Kjølsdalen sokneråd er blitt Grøn kyrkjelyd

Som første sokneråd i Eid, er Kjølsdalen sokneråd blitt Grøn kyrkjelyd! Handlingsplanen vart vedteken på soknerådsmøte 15. juni, les den her.

Grøn kyrkjelydKlimaendringane rammar oss allereie. Menneske, dyr og planter strevar fordi livsgrunnlaget er i endring. Forskarane slår fast at det kjem av levemåten vår, og minner oss om at vi må skifte kurs. Som kyrkje er vi kalla til å vere gode forvaltarar av skaparverket og Jesu Kristi etterfølgjarar. Kva betyr det konkret for oss i dag? Korleis kan vi tenkje globalt og handle lokalt? «Grøn kyrkjelyd» er ein reiskap for dei lokale kyrkjelydane til å ta tak i desse utfordringane.

Du kan lese meir om Grøne kyrkjelydar på www.gronnkirke.no.

Lokal kontaktperson: Soknerådsleiar Torfinn Myklebust, tlf 481 49 494, epost
2myk@online.no.

Følg Kjølsdalen kyrkjelyd på Facebook