Korpssesongen er godt i gang

Både Kjølsdalen skulemusikk og Kjølsdalen musikklag er godt i gang med ny sesong. Musikklaget hadde i helga oppstartseminar med Arvid Anthun, som saman med Thomas Aanonlie deler på dirigentjobben i år.

Kjølsdalen musikklag skal spele på jubileet til Kjølsdalen kyrkje søndag 27. september. På “Musikalsk middag” søndag 25. oktober (kafe, basar og konsert) kan ein oppleve begge korpsa i aksjon i Kjølsdalen samfunnshuset. 29. november arrangerer skulemusikken basar same stad, og den tradisjonsrike julekonserten i Kjølsdalen kyrkje blir arrangert søndag 20. desember. Musikklaget skal også på NM Brass i Bergen 4. – 7. februar.

Ekstra gledeleg er det at mange unge skulekorpsmusikantar no spelar i musikklaget. Nesten ein tredel av musikantane er under 18 år, frå Kjølsdalen og Stårheim. Sjekk den flotte gjengen:

KML ungdom