Folkemøte: “Fylkeskappleiken 2016”

Hovudnemnda for Fylkeskappleiken 2016

Onsdag 3. juni vert det skipa til folkemøte i Kjølsdalen.

Vindfylla Spelemannslag har teke på seg å arrangere Fylkeskappleik i mars 2016 i Kjølsdalen. Samarbeidspartnarar så langt er Saniteten, Bygdekvinnelaget, Bondelaget og skulen. Alle som er interesserte i meir informasjon om arrangementet er hjarteleg velkomne.

Det er oppretta hovudnemnd for arrangementet. Sigmund Larsen er leiar for denne.

Folkemøtet vert halden i Vrimlearealet ved Kjølsdalen Montessoriskule.

Tidspunkt: 20.00 – 21.30

Vel møtt!